lørdag 13. oktober 2012
Planleggjinga er i gong!
Velkomen til bryllup og velkomen til blogg! No skal vi bli flinke til å informere om kva som skjer.
For dei som ynskjer å fly med Ryan Air (som er billigast, men kanskje ikkje best) frå Rygge, Moss er det no lagt ut nokre billettar. Prisen startar på kr 1 500 ein veg som er ganske vanleg på denne tida. Det er flygningar fredag og mandag i juli.
Det er ikkje så mange andre flyselskap som har lagt ut billettar enda, det er framleis ganske tidleg. Prisen ligg vanlegvis på rundt kr 3 000 tur/retur i juli for ein vaksen frå Oslo, og billettar leggjast ut nærare jul. Vi kjem til å følgje med framover og gje beskjed her på bloggen når fleire selskap legg ut billettar for salg. Flyturen frå Bergen/Oslo til Portugal skal ta fire timar. Vi har god erfaring med å fly frå Bergen via Amsterdam med KLM.
For dei som vil oppleve litt av Portugal er det fullt mogleg å fly til eller frå Lisboa. Det er ca tre timar med buss/tog/bil mellom Lisboa og Algarve. Får vi tid, skal vi på festival i Lisboa helga før bryllupet. Blir vi ikkje med, har vi fleire vener som har tenkt seg dit som det er mogleg å dra saman med. Line-up er ikkje klar enda, men vi var der i år og hadde det veldig bra. Sjå http://www.optimusalive.com/ for meir informasjon om festivalen.
Skriv gjerne kommentarar når flybillettar/hotell er bestilte og planar er lagt så vi veit når du/de kjem. Nokre er også interesserte i å leie leiligheit saman med andre. Det må vel kunne koordinerast på eit vis. Vi er kjempeglade for alle dei positive tilbakemeldingane vi har fått og håpar mange gler seg til å oppleve Portugal og Algarve. Det blir eit stort bryllup og det er kjekt at så mange ynskjer å ta turen frå Noreg til Portugal.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar