Fuzeta har ei flott strand der dei fleste dagar blir tilbrakte. Der ligg det ein liten kafé og det er mogleg å leige solsenger for 5 euro. I sjølve byen finst ei rekkje restaurantar og kafear, småbutikkar og kioskar. Nede ved sjøen ligg to barar som er godt besøkte.
Det finst ikkje hotell i Fuzeta, men det er mogleg å leige leiligheit privat både frå portugisarar og nordmenn med feriebolig. Prisen startar på ca kr 8 000 for ei veke avhengig av standard. Vi har nokre kontaktar og kan hjelpe med å finn ein passande bustad for dei som ynskjer å bu i Fuzeta.
Tavira
Ikkje langt unna ligg Tavira. Her finst det fleire flotte hotell for dei som heller vil det. I Tavira er det sjølvsagt fleire restaurantar, kafear, butikkar og turistar.Her er lenkjer til ulike hotell det kan vere aktuelt å bu på:
http://bit.ly/R5IUvq - TripAdvisor.com
http://bit.ly/W8lN8q - Booking.com
Moncarapacho
Det er også mogleg å bu på hotell eller leige leiligheit i Moncarapacho, ein liten by som ligg ca 10 minutt unna kysten frå Fuzeta. Her vil det vere naudsynt å leige bil eller syklar for å kome seg til stranda, det vil vere for langt å gå i varmen. Moncarapacho er ein koseleg liten by med eit par restaurantar.
For dei som ynskjer å bu på ein plass med meir underhaldning og fest, er det Albufeira og Vilamoura vest for Faro som passar best.
Det finst mange moglegheiter og vi skal finne ein plass til alle! Berre spør om de har spørsmål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar