fredag 23. november 2012

Billege flybillettar!

Det er no lagt ut billege billettar hos sas.no fra Oslo og Bergen.
Priseksempel: 12. juli til 28.juli for kr 2 800. Frå 12. juli til 30. juli blir kr 2 550. Prisar er nokonlunde dei same frå Bergen.

Her er det berre å følgje med! Gje ein lyd når billettar er funne, så hjelper vi å finne buplass.

God helg!

onsdag 7. november 2012

Oppdrag Krakow




Då har eg vore i Krakow for å jakte på ein brudekjole. Det gjekk heldigvis over all forventning og kjolen er no trygt på plass i klesskapet.

Med kusine Aina og tante Bling på slep var eg innom ti brudebutikkar i løpet av få timar. Eg endte opp med ein av dei første kjolane eg såg. Den var litt for lang for vesle meg, men det ordna dei fort og kjolen er no heilt perfekt. Det er berre å gle seg og telje ned dagane til 20. juli 2013!

Her er nokre looks som dessverre ikkje vart vald:
















The Glowing Bride :  wedding humor wedding dress 172 500x_glowingdress_01


Wildest Wedding Dresses :  wedding EXPENSIVE20WEDDING20GOWN

fredag 2. november 2012

Hus ledig i Fuzeta!

Dette flotte huset er ledig mellom 13.07 og 27.07.13. Huset har 3 etasjar og sengeplass til 10 personar. Det er 3 soverom og 3 bad. Prisen er kr 11 000 per veke. Beliggenheten er meget bra, huset ligg nært både strand og restaurantar.

Gje beskjed om dette er interesant eller gje beskjed til oss. Vi har allereie vore i kontakt med ho som leiger ut for å sjekke tilgjengeligheten, Huset er ikkje ledig etter 27.07.12.

http://www.finn.no/reise/feriehus-hytteutleie/object?finnkode=36664739

onsdag 17. oktober 2012

OSLO - FARO



                


Då har Norwegian lagt ut billettar fra Oslo til Faro i juli:. http://bit.ly/VaZJuz 

Har også funne ei side for utleige av leiligheitar i Fuzeta for to eller fleire personar. Den kan de sjå her:
http://bit.ly/WAoxtU
Sida er på portugisisk, men det skal vere mogleg å finne ut om de likar ein leilighet og prisen. Vi kan hjelpe med reservering og informasjon om det skulle vere eit ynskje.





søndag 14. oktober 2012

FUZETA

Fuzeta er ein liten fiskelandsby 20 minutt aust for flyplassen Faro. Det er her Marco sine foreldre bur og vi har vald å halde bryllup neste somar.


Fuzeta har ei flott strand der dei fleste dagar blir tilbrakte. Der ligg det ein liten kafé og det er mogleg å leige solsenger for 5 euro. I sjølve byen finst ei rekkje restaurantar og kafear, småbutikkar og kioskar. Nede ved sjøen ligg to barar som er godt besøkte. 

Det finst ikkje hotell i Fuzeta, men det er mogleg å leige leiligheit privat både frå portugisarar og nordmenn med feriebolig. Prisen startar på ca kr 8 000 for ei veke avhengig av standard. Vi har nokre kontaktar og kan hjelpe med å finn ein passande bustad for dei som ynskjer å bu i Fuzeta.

Tavira

Ikkje langt unna ligg Tavira. Her finst det fleire flotte hotell for dei som heller vil det. I Tavira er det sjølvsagt fleire restaurantar, kafear, butikkar og turistar.


Her er lenkjer til ulike hotell det kan vere aktuelt å bu på:
http://bit.ly/R5IUvq - TripAdvisor.com
http://bit.ly/W8lN8q - Booking.com

Moncarapacho

Det er også mogleg å bu på hotell eller leige leiligheit i Moncarapacho, ein liten by som ligg ca 10 minutt unna kysten frå Fuzeta. Her vil det vere naudsynt å leige bil eller syklar for å kome seg til stranda, det vil vere for langt å gå i varmen. Moncarapacho er ein koseleg liten by med eit par restaurantar. 


For dei som ynskjer å bu på ein plass med meir underhaldning og fest, er det Albufeira og Vilamoura vest for Faro som passar best.

Det finst mange moglegheiter og vi skal finne ein plass til alle! Berre spør om de har spørsmål. 

lørdag 13. oktober 2012

Planleggjinga er i gong!


Velkomen til bryllup og velkomen til blogg! No skal vi bli flinke til å informere om kva som skjer.

 For dei som ynskjer å fly med Ryan Air (som er billigast, men kanskje ikkje best) frå Rygge, Moss er det no lagt ut nokre billettar. Prisen startar på kr 1 500 ein veg som er ganske vanleg på denne tida. Det er flygningar fredag og mandag i juli.

 Det er ikkje så mange andre flyselskap som har lagt ut billettar enda, det er framleis ganske tidleg. Prisen ligg vanlegvis på rundt kr 3 000 tur/retur i juli for ein vaksen frå Oslo, og billettar leggjast ut nærare jul. Vi kjem til å følgje med framover og gje beskjed her på bloggen når fleire selskap legg ut billettar for salg. Flyturen frå Bergen/Oslo til Portugal skal ta fire timar. Vi har god erfaring med å fly frå Bergen via Amsterdam med KLM.

For dei som vil oppleve litt av Portugal er det fullt mogleg å fly til eller frå Lisboa. Det er ca tre timar med buss/tog/bil mellom Lisboa og Algarve. Får vi tid, skal vi på festival i Lisboa helga før bryllupet. Blir vi ikkje med, har vi fleire vener som har tenkt seg dit som det er mogleg å dra saman med. Line-up er ikkje klar enda, men vi var der i år og hadde det veldig bra. Sjå http://www.optimusalive.com/ for meir informasjon om festivalen.

Skriv gjerne kommentarar når flybillettar/hotell er bestilte og planar er lagt så vi veit når du/de kjem. Nokre er også interesserte i å leie leiligheit saman med andre. Det må vel kunne koordinerast på eit vis. Vi er kjempeglade for alle dei positive tilbakemeldingane vi har fått og håpar mange gler seg til å oppleve Portugal og Algarve. Det blir eit stort bryllup og det er kjekt at så mange ynskjer å ta turen frå Noreg til Portugal.

onsdag 12. september 2012

Vi Skal gifte oss. Dere er inviterte!
Vi har bedt dere om å holde datoen.
Vi skal jo til Portugal alle mann, så det er jo greit å begynne å planlegge litt.